Norsk Målungdom med appell

Fråsegn frå landsstyret i Norsk Målungdom:

Styrk det kvenske miljøet i Børselv!

Skulen og aldersheimen i Børselv i Porsanger er truga av nedlegging. Desse institusjonane tilhøyrer eit unikt miljø der kvensk språk har moglegheit til å vekse seg sterkare. Dei er derfor svært viktige i kampen for å styrke og føre vidare kvensk språk og kultur. Ei nedlegging vil vera eit alvorleg tilbakeslag i denne kampen.

Fornorskingsprosessen førte til ei nedvurdering av kvensk. Det bidrog til at foreldre slutta å føre språket vidare til ungane sine. Dei seinare åra har det heldigvis vakse fram ei forståing av at kvensk har ein eigenverdi vi må stø opp om, men kvensk er framleis eit alvorleg truga språk. Vi må derfor ta i bruk alle gode verkemiddel for å rette opp i dette.

Det gode kvenske miljøet i Børselv er uvanleg. Det gir næring til dei kvenske røtene, slik at dei kan vekse. Skulen og aldersheimen er pilarar i dette miljøet. Børselv skule er ein av få som gir undervising i og på kvensk. Slik kan ungane lære seg språket sitt, og dette gjer revitaliseringa av kvensk mogleg. Samstundes sikrar aldersheimen, med kvenskspråkleg personale, at dei gamle kan få ein trygg alderdom der dei får bruke sitt eige språk.

Landsstyret i Norsk Målungdom krev derfor at kommunestyret i Porsanger sikrar vidare drift av Børselv skule og Solbrått aldersheim. Tap av kvensk språk og kultur, er eit tap for det språklege mangfaldet i Noreg. La Børselv leve!