Finsk på fem minutt

Finsk har vore snakka i både Sør- og Nord-Noreg opp i gjennom århundra, men det er likevel eit språka nordmenn flest veit svært lite om. Ein Geelmuyden og ein Schweigaard har vi stava etter beste evne, og dansk og tysk har vi snakka ettersom. Klassekampen går motstraums, og gjør finsk til tema for denne målteigen. I eit land der nasjonsbygginga har gjort graden av danning omvendt proporsjonal med kunnskapen i finsk er det no på tide å spre litt kunnskap andre vegen.

 

Til skilnad frå norsk har finsk eit svært godt skriftspråk. Viss FN skulle ha hatt eitt offisielt språk, ville finsk ha vore det naturlege valet. Etter å ha lese gjennom dagens målteig kan ein kvar gjennomsnittspresident eller statsminister entre talarstolen i generalforsamlinga og halde ein tale på fullt forståeleg finsk (viss han får manuskriptet ferdigskrive, noko dei jo får i alle fall). Viss ikkje dette held stikk kan han få refundert utlegget til dagens avis, kr. 10,- ved å vende seg til Klassekampens redaksjon. Det var reklamen, no går vi i gang.

Kvar bokstav uttrykker ein lyd, og kvar lyd har ein bokstav. Samtlege bokstavar skal med andre ord takast på alvor, kvar og ein skal uttalast, alltid på same måte.

Trykket ligg alltid på første stavinga i ordet. Alltid, alltid.

Doble bokstavar står for ein lang lyd, enkle bokstavar for ein kort (“banan” er dermed rimelegvis banaani på finsk, framleis med trykket først).

Bokstavane som står for vokalar har same lydverdi som i t.d. tysk og italiensk:

o uttalast som i det norske ordet flott og det tyske Gott.

u uttalast som i det norske ordet dum og det tyske gut. “Potetmos” er på finsk perunamuusi, og dei to orda (norsk mos og finsk muusi) blir uttalt med same lange vokal.

y uttalast (nesten) som i det norske ordet ku. Finsk kyy (som betyr hoggorm) blir altså uttalt omtrent med same vokalen som norsk ku. Finske Myllylä ville altså ha skrive namnet sitt Mullulæ i Noreg, slik kvenane faktisk gjør.

Den lyden vi har i det norske ordet sy finst ikkje i finsk (faktisk i svært få språk i det heile tatt, det er derfor utlendingar har så store problem med norsk u og y).

ä og ö uttalast på nøyaktig same måte som norsk æ og ø.

Regelen som da står att er at desse reglane skal bli tatt alvorleg. Sjølv om vi i norsk har ein regel som seier at “e foran blir til æ” gjeld denne regelen altså ikkje på finsk. peruna uttalast peruna og ikkje pæryna. Sjølv om svensk ä ofte blir uttalt som e gjeld det ikkje i finsk. I finsk er e alltid e og ä alltid ä. Ishockyspelaren heiter altså Selännemed to e-ar og ein æ i midten, uansett kva som til tider vart hevda av NRK frå Nagano. Det er ikkje lett for ein nordmann å uttale t.d. sjukdomsnamnet herpes med to e-ar i staden for med ein æ og ein e. Men det går. Prøv ein gang til.

Trykkregelen er verkeleg absolutt. Alle ord har trykk først. Dette gjeld og når første staving består av kort vokal og kort konsonant. (som i peruna, Selänne, pateettinen politiikka, apteekki).

Konsonantane blir uttalt som på norsk, med ein viktig merknad. p, t og k blir uttalt som i norsk spå, stor og skur, ikkje som i dei norske orda på, Tor og kur. Hald handflata framom kjeften og sei desse seks orda etter kvarandre, så kjenner du kva eg meiner. Seier du på eller Tor kan du slokke talglys. Det kan du ikkje med stor ogskur. For å få ordet for hoggorm rett må du altså late som om det står ein s foran, ta bort s-en, og seie kyy. Resultatet er ei garantert heilfinsk kjensle (evt. ispedd rare blikk frå sidemannen dersom du seier det høgt).

Dobeltbokstavar er som sagt lang. Dermed får vi ein klar skilnad mellom tuuli (vind), tulli (toll) og tuli (eld). Den siste er ikkje lett, i og med at ordet ikkje inneheld lange lydar i det heile, noko som var god gammalnorsk men er umogleg i moderne norsk, med unnatak av Gudbrandsdalen, der dei uttaler namnet Vågå like kort som finnar seier tuli. Med lange lukkelydar, som i namna Seppo, Matti og Pekka, er det berre å ta ein liten kvilepause på konsonanten før du går vidare. Det same gjeld når den lange konsonanten kjem etter ein lang vokal: tyyppi (type), paatti (båt) og piikki (spiss). Gjør y-en lang, gjør p-en lang, så blir det finsk av det.

Eit par ord om h etter vokal. I tysk betyr dette at vokalen er lang (tysk fahren og norsk fare har omtrent same vokal). I finsk, derimot, gjeld framleis regel 1, at alle bokstavar skal uttrykke lyden sin. h-en i ordet Lahti uttalast dermed slik som h-en i det norske ordet Harald.

Finsk er eit høgtonespråk, dvs. at trykk blir markert med høgtone (her er det austnorsk og trøndersk som er uvanlege, og markerer trykk med lågtone). For å få den rette finske slengen skal du dermed uttale alle eksempelorda med eit tonefall som om du kom frå Finnmark.

Stavingsgrensa i finsk går alltid foran siste konsonant, slik: yh-dis-tys (foreining). Stavingsgrensa går altdri tvers gjennom ein lang vokal (mellom to like vokalsymbol). To ulike vokalar attmed kvarandre utgjør ein diftong, og dermed ei staving, viss den siste av dei er i, y eller u, eller viss diftongane er ie, uo, yö. Ordet Suo-mi har dermed to stavingar, stikk i strid med kva mange nordmenn trur. Når finnar snakkar om landet Ko-re-a er det derimot med tre stavingar (men med trykk på første og berre korte vokalar!). Her følgjer Den Komplette Samlinga av finske diftongar: ai, ei, oi, ui, äi, öi, yi, au, ou, eu, iu, äy, öy, ey, iy, ie, uo, yö, og kvar og ein av dei er uttalt ved å uttale først den første vokalen, og deretter (i same stavinga) den andre. Når vi sett denne vokalrikdommen saman med eit forbod mot konsonantsamband i byrjinga av ord, forstår vi korfor 48% av lydane i den finske talestraumen er vokalar, mot berre 37% i t.d. svensk. Finsk er soleis ein draum for ein kvar ambisiøs korsangar!

Går du gjennom denne teksten ein gang til, vil du oppnå to ting. For det første vil du gjøra eit uutsletteleg inntrykk på alle finnar du møter, i og med at du etter dette er i stand til å uttale namnet deira riktig. For det andre har du med minimal innsats innlemma eit nytt språk i samlinga di. Du forstår framleis ikkje kva du les (for å komma så langt må du aksle den same børa som den finnar tar for å lære seg svensk), men den finskkyndige du les høgt for vil forstå deg. Dette er dermed uvurderleg kunnskap for alle som sitt barnevakt for finskspråklege barn, og eg håpar også at dei som arbeider på 181 i Telenor les dette!

Den kvenske namnetradisjonen kan på sitt vis fortelje korleis det går når vi skriftfestar eit namn i to ulike skriftspråk. Det viser seg at den viktigaste skilnaden mellom stemte og ustemte lydar (p/b, t/d, k/g, …) i norsk ikkje er stemtheita, men den pusten (aspirasjon) som vi legg til når vi uttaler dei ustemte lydane (jfr. talglystesten ovafor). Sjølv om dei finske (og samiske!) lukkelydane er ustemte, manglar dei denne tillegspusten, og blir av norsktalande dermed oppfatta som om dei hadde vore stemte. Ustemt k blir typisk nok berga i det tilfelle han kjem etter s (i forma Gaski). På norsk kan vi ikkje ha g her, og k-en manglar den pusten han ville ha hatt i framlyd. Resultatet blir at nordmenn høyrer ein g og ein k der det som i røynda blir uttalt er to identiske k-ar. Elles er finsk og erstatta med og u. Ekte finske ord har tilfeldigvis ikkje lang oo, viss dei hadde hatt det ville kvenane ha skrive å. Når det gjeld ä og öblir dei sjølvsagt til æ og ø, men foran r blir norske e-ar uttala som æ, slik at vi får to alternative skrivemåtar for Jerijärvi. Lange vokalar blir i norsk uttrykt med fråver av dobbeltkonsonant, og resultatet har dermed heilt riktig vorte Osima for Uusimaa.

Skrivemåte i Noreg  Skrivemåte i Finland 
Beldo
Dørmænen, Dørmenen
Gaski
Gulmælæ
Harjo
Huru
Ingilæ
Jerijervi, Jerijærvi
Osima
Pelto
Törmänen
Kaski
Kylmälä
Harju
Hyry
Inkilä
Jerijärvi
Uusimaa

Ein del gangar tar skriftspråket revansj, som når namn får same skrivemåte i Noreg og Finland, men ulik uttale. Namn som Arvola og Halonen hadde soleis fått ha den opprinnelege uttalen sin meir i fred viss dei hadde skrive seg som Arvåla og Halånen.

Eit par gangar har norsk og finsk (nær) identiske rettskrivingsreglar, og namna sklir rett inn i norsk skrift: Niemi, Niska, Niva, Nikkinen.

Det må her understrekast at det ikkje er mogleg å seie at den eine skrivemåten er “rett” og den andre er “gale”. Skilnaden ligg rett og slett i om norske eller finske rettskrivingsreglar skal leggast til grunn. I mange tilfelle er det umogleg å få rett resultat med norske reglar, rett og slett fordi det norske skriftspråket ikkje er laga for å fange opp distinksjonane som finst i finsk. Namna Hyry og Niva har t.d. kort y og i finsk, dette er det ikkje mogleg å få fram i norsk utan å skrive dobbelkonsonant, men i og med at namna har kort konsonant, blir det også feil. For ein del av namna vil derfor den einaste måten å få dei skrive “rett” (dvs. notert ned i skrift på ein måte som fortel korleis dei uttalast) vera å skrive dei på finsk vis. Om det er den beste strategien i Noreg er ei anna sak, og same norske telefonkatalog kan i dag presentere variantar frå begge spaltene i tabellen ovafor.

Til slutt eit par øvingstekstar, henta frå ulike samanhengar:

Kaikki maailman proletaarit, liittykää yhteen!

Ei saa peittää. Ravistakaa! Käyttöohje.

Alvar Aalto, Teemu Selänne, Riitta Uosukainen, Jari Isometsä, Aki Kaurismäki.

Kuopio, Lappeenranta, Turku, Oulu, Järvenpää, Jyväskylä, Joensuu. 

 

Trond Trosterud
Professor i samisk språkteknologi ved Universitetet i Tromsø