![]() |
||

Kvensk-norsk ordbok er skrive av Terje Aronsen, og bearbeidd til ei kvensk-norsk-kvensk ordbok av Verena Schall ved Kvensk institutt og Giellatekno og Divvun. Ein del vanlege norske ord er lagt til.
I alt inneheld ordboka 4731 kvenske og 3638 norske lemma. Ordboka skil seg frå andre ordbøker frå Giellatekno/Divvun ved at ho ikkje har bøyingsformer.
Ordboka kan du installere på di eiga datamaskin. Det kan kome nye oppdaterte versjonar etter kvart. Kjeldekoden til ordboka er fritt tilgjengeleg her og her , og vi tek gjerne i mot oppdateringar eller forslag om samarbeid for å byggja ut ordboka.
Installere ordboka på di eiga datamaskin:
Kilde: Giellatekno.uit.no


