Installasjon på Macintosh 10.5

Med Mac OS 10.5 eller nyare kan du bruke Apple sitt eige Ordliste-program.

  1. Last ned ordboksfil:
  2. Ordboksfila du lasta ned er pakka inn med eit pakkeprogram. Pakk ut ordboksfila med å dobbeltklikke på henne. Resultatet er ei fil som ser ut som ein kvit legokloss: 
     
  3. Flytt legoklossfila  til mappa Bibliotek/Dictionaries i heimekatalogen din. Merk at Bibliotek også kan heite Library, Kirjasto eller noko anna, avhengig av språket på maskina di. Undermappa skal heite Dictionaries, uansett språkval elles. Lag henne viss ho manglar.

Ferdig!

 

Bruke ordboka

For å bruke ordboka treng du berre å peike på ordet du vil ha omsett, og trykke ordboka sin tastekombinasjon. Standardtastekombinasjonen for programmet er ctrl-kommando-D ( ctrl-cmd-D). Viss du vil ha noko anna, kan du skifte tastekombinasjon i Systemvalg… > Tastatur og mus > Tastatursnarveier > Slå opp i Ordliste
 

Du kan også slå opp ord ved å bruke programmet Ordliste, som du finn i Programmer-mappa (programmet kan ha eit anna namn på andre språk - ikonet ser ut som ei papirordbok).
 

Her er det fleire ordbøker – engelske og japanske ordbøker følgjer med systemet. I Valg-panelet kan du t.d. slå av og på dei ordbøkene du er interessert i å bruke, eller dra ordbøkene du vil ha øvst - då vil treff i dei ordbøkene bli vist først med peikemetoden skildra i første avsnittet.
 

Kilde: Giellatekno.uit.no