Installasjon på Windows og Linux

  1. Last ned og installer ordboksprogrammet StarDict, som er plattformuavhengig, open-kjeldekode, og gratis, og har dei trekka vi treng. Etter installasjonen kan du konfigurere verktyga som du vil. Det betyr spesielt at du kan velje bort eller fjerne forinstallerte ordbøker (Main Menu->Manage Dict), endre font-egenskapar (Main Menu->Preferences), osb.
  2. Last ned ordboksfil, som ligg her:
  3. Fjern evt. tidlegare installert ordbok i StarDict (eller la ho vere).
  4. Ordboksfila du lasta ned, var pakka inn med eit pakkeprogram (.zip). Pakk ut ordboksfila med å dobbeltklikke på henne (evt. ved å bruke eit utpakkingsprogram). Resultatet er ei mappe med filar som brukast av ordbokprogrammet. Denne mappa har eit namn som startar med ordet stardict
  5. I og med at StarDict må kjenne att ordboka, må du flytte denne mappa til ordbokskatalogen til StarDict, som:
    • på Windows vanlegvis er C:\Program files\stardict\dic\
    • på Linux vanlegvis er /usr/share/stardict/dic

Test installeringa av ordboka:

  • Opne Stardict-programmet.
  • Klikk på Hus-symbolknappen øverst til høgre (Main Menu), og klikk på Manage Dict.
  • Velg ordboka som du nett har installert. Du kan flytte ordboka til øvst på lista.

 

StarDict-programmet kan enten bli brukt som eit separat program, eller du kan bruke det og senter-klikke på ord i løpande tekst. StarDict som separat program fungerer på alle Windows-versjonar, men scanne-funksjonen fungerer ikkje like godt på alle versjonar av Windows, og i alle program (betre på XP enn på nyere versjonar, og betre på Microsoft-program enn på tredjepartsprogram).

Kilde: Giellatekno.uit.no