Invitasjon til innspel til Seminar om revitalisering av kvensk 9.-10. oktober 2014 ved UiT

Kvensk-miljøa på Institutt for språkvitskap (IS), Institutt for kultur og litteratur (IKL) og Universitetsbiblioteket (UB) på UiT Noregs arktiske universitet går saman om å arrangera eit to-dagars seminar om revitalisering av kvensk på torsdag 9. og fredag 10. oktober 2014.

Bakgrunnen

Kvensk språk og kultur har lenge vore alvorleg truga. Samtidig finst det både i kvenmiljøa og i store delar av samfunnet elles eit sterkt ynske om å ta vare på og vidareføra den kvenske kulturarven. Det er sett i gang ei rekkje revitaliseringstiltak både i offentleg og privat regi, og det er oppretta fleire institusjonar som skal fremja kvensk språk og kultur. Men eit slikt revitaliseringsarbeid tek lang tid og er svært krevjande. I det nyleg avslutta internasjonale forskingsprosjektet ELDIA (European Language Diversity for All), som har undersøkt livsvilkåra for finsk-ugriske minoritetsspråk i Europa, er kvensk rangert som det mest truga av dei undersøkte språka. ELDIA-rapporten beskriv tilstanden for kvensk som svært kritisk.

Målet

Målet med det planlagde seminaret er å samla ulike aktørar for å drøfta og koordinera det vidare revitaliseringsarbeidet for kvensk. Vi ser for oss at fyrste dagen av seminaret kan gå til fagleg oppdatering og informasjonsutveksling. Her kan forskarar, lærarar, rådgjevarar, representantar frå kvenmiljøa og kvenorganisasjonar og andre som driv med revitalisering av kvensk, fortelja om arbeidet sitt og erfaringane sine. Vi har òg tenkt å invitera folk med kompetanse i revitaliseringsprosjekt for andre språk til å dela erfaringane sine med oss. Andre dagen har vi tenkt å setja av til idédugnader og strategimøte om ulike sider ved revitaliseringsarbeidet for kvensk. Her skal vi prøva å samla trådane frå dei ulike revitaliseringstiltaka og diskutera korleis vi kan koordinera det framtidige arbeidet betre. Her gjeld det å kartleggja kva for ressursar og kompe-tanse dei ulike aktørane sit inne med, og korleis dei kan bidra i arbeidet med å fremja kvensk språk og kultur i åra som kjem. Andre dagen er det òg sett av tid til lansering og presentasjon av resultat/produkt frå ulike revitaliseringstiltak, t.d. kvensk grammatikk, elektronisk ordbok og elektronisk tidsskrift. Seminarspråket bør etter vårt syn vera kvensk og skandinavisk. Innlegg på kvensk kan tolkast til skandinavisk.

Innspel

Det planlagde seminaret har så langt berre vore diskutert innanfor dei nemnde fagmiljøa på UiT. Vi ynskjer no å invitera dei ulike miljøa og aktørane som er involverte og/eller interesserte i revitalisering av kvensk, om å koma med innspel til korleis seminaret bør leggjast opp. Her snakkar vi både om innhaldet i og den organisatoriske ramma rundt seminaret.

Innspel kan sendast på e-post til philipp.conzett@uit.no.

For at vi raskt kan koma i gang med den vidare planlegginga etter sommarferien ber vi om at dokker sender eventuelle innspel innan 15. august 2014. Dersom dokker kjenner til andre personar/aktørar som burde ha fått dette rundskrivet, er det fint om dokker kan senda det vidare til dei. Det er oppretta ei heimesida for revitaliseringsseminaret: http://site.uit.no/ubkvensk/. Her kjem vi til å leggja ut meir informasjon etter kvart.

Vi oppmodar om at dokker allereie no set av 9. og 10. oktober i kalenderen dokkar. Vi ser fram til konstruktive innspel.

Beste helsing

Leena Niiranen, professor i finsk og kvensk språkvitskap, IS

Anitta Viinikka-Kallinen, førsteamanuensis i finsk og kvensk kultur og litteratur, IKL

Philipp Conzett, fagansvarleg for finsk  og kvensk, UB