Norsk Målungdom: Hurra for kvenske lærebøker

Endeleg er det kome lærebøker på kvensk, ni år etter at språket fekk status som offisielt språk. Dette er viktig for at kvenske elevar i barneskulen skal lære språket, og eit godt utgangspunkt for å setje i gang fleire tiltak for å styrkje
kvensk språk.

Landsstyret i Norsk Målungdom meiner lærebokserien «Minin kieli minun aaret»er eit viktig og historisk framsteg. Dette er dei fyrste lærebøkene på kvensk og dei skal dekkje alle trinna på barneskulen. I 2005 fekk kvensk status som offisielt språk. Før dette har kvenske dialekter vore brukt i fleire hundre år i Troms og Finnmark, men har berre vore rekna som ei finsk dialekt. Den norske staten førte tidlegare ein hard fornorskingspolitikk mot kvener i Noreg. Difor er kvensk i dag truga, særleg blant dei unge. For å gje kvensk ei sikker framtid, må fleire born og unge ta språket i bruk. Fleire lærebøker og språkreirtiltak må til.

Sidan språket fekk auka status har det vore gjort mykje for å betre stoda. Kainun institutti – Kvensk institutt vert viktig i dette arbeidet. Landsstyret i Norsk Målungdom meiner at denne institusjonen og andre som kjempar for det kvenske språket må få den støtta dei treng av dei ansvarlege myndigheitene. Med både økonomisk og politisk støtte vert det fleire brukarar av kvensk. Det vil vere ein siger for språkmangfaldet!

Kilde: Norsk Målungdom